Tale om heimsleg
Snø og granskog er heimsleg
Frå fyrste stund er det vårt
Før nokon har fortalt det, at det er snø og granskog
Har det plass I oss
Og sidan er det der, heile, heile tida
Meterdjup fonn kring mørke tre
Det er for oss
Innblanda I vår eigen ande
Heile, heile tida
Om ingen ser det, har vi snø og granskog med
Ja, lia med snø, og tre ved tre så langt ein ser
Kvar vi er, vender vi oss imot det
Og har I oss ein lovnad om å koma heim
Koma heim, gå borti der
Bøyge greiner, og kjenne så det fær I ein
Kva det er å vara der ein høyrer til
Heile, heile tida
Til det er slåkt I våre innlandshjarte